Skilt ved Falkenuten 1096 moh med utsikt over landskap og innsjø i bakgrunnen, person i rød jakke sitter.

Falkeriset – Falkenuten

Publisert: 01.09.2026 15:09

Turforslaget
Falkeriset er ein av dei mest populære fjellturane på Rauland og passar godt for både familiar og dei som ønskjer ein kortare tur i lett til middels terreng. Turen går gjennom vakker høgfjellsnatur med steinlagde stiar, fjellbjørkeskog og opne parti som gir ei flott naturoppleving heile vegen opp.

På toppen ventar eit imponerande utsiktspunkt med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Falkeriset har også ei spanande historie knytt til den gamle falkefangsten i området, og under Falkenuten finn du spor etter steinbuer og gamle fangstplassar som gir turen eit ekstra historisk preg.

Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/Krossen køyrer du 4 km langs rv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Kromviki,og etter 10,5 km kjem du til ein liten parkeringsplass på høgre side. Stien opp til Falkenuten startar ved infotavla på venstre side av vegen. Falkeriset har fått navn etter falkefangsten i området.

Viktig informasjon
Falkeriset ligg i eit område der villreinen på Hardangervidda også ferdast. 
I delear av året er vegen stengt, og me anbfalar da å heller nytte andre turar i område. Les meir om korleis du tek omsyn til 
villreinen her .

Fakta om turen

  • Lengde: ca. 3 km tur-retur
  • Varigheit: ca. 1 time
  • Vanskegrad: Lett til middels
  • Passar for: Familiar, barn og dei fleste turgåarar
  • Høgdepunkt: Panoramautsikt og kulturhistoriske spor etter falkefangst
Person går på sti i norsk fjellandskap med grønt gress og blå himmel.
Familie på fottur i norsk fjellandskap med utsikt over innsjøen på en overskyet dag.
Vandrer på naturskjønn sti, med fjell og innsjø i bakgrunnen, under dramatiske skyer.