Slik tar du hensyn til villreinen

Publisert: 23.06.2024 15:06

Rauland er ein stadig meir populær destinasjon for både hyttefolk og turgåarar, samtidig som her finst viktige beiteområde for villreinen på Hardangervidda.

For å beskytte den unike og vesle bestanden av villrein, har Norsk Villreinsenter laga ein turplanleggjar der du kan lese meir om bestanden i Noreg og korleis du tek omsyn til den.

Vil du lære meir om villreinen si rolle og korleis den ferdast på Hardangervidda? Besøk Hardangervidda Nasjonalparksenter sin interaktive utstilling. Senteret ligg om lag 25 minutt frå Rauland sentrum, i retning Rjukan.

Villreinvettreglene
  • Ikkje forstyrr villreinen, kan du legge turen til eit anna område?
  • Unngå å ferdas i villreinområdet under kalvinga i mai
  • Fylg merka løyper
  • Ha kontroll på hunden
  • Hald deg i ro viss du ser villreinen, slik at den kan trekke undan uforstyrra
  • Bruk kikkert og hald avstand

Foto: Villrein.no