Noregs vakraste høgfjellscruise!
MB Fjellvåken, køyrer dagleg tur/retur Skinnarbu – Mogen, på Møsvatn, frå 3. juli - 20. august 2023.
Nyhet: Høgfjellscruise med tapaslunsj
Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fot turistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute i over 130 år.
Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap. Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer ein isolert i nokre veker vår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer.
Båten landar og bli liggjande ved Liseth, så lenge at ein har god tid til å gå Kvennavegen og eller ein tur opp til Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret. Kanskje få nyte noko godt å bite i og kaffe på Argehovd gard. Dette vert det gjeve eigen informasjon om på Fjellvåken, på veg inn!
Det er og eit fantastisk utgangspunkt for dags-, fiske- og telt turar, og ein naturleg starten på ein lengre fottur på Hardangervidda. På båten er det enkel servering, men ein kan bestille noko anna når ein bookar.
-----
Eit samarbeid med Nasjonalparksenteret, gjer at passasjerar på Fjellvåken får 20% rabatt på inngangsbilletten til Nasjonalparksenteret, som i år lanserar ein VR-oppleving der ein er inne på Hardangervidda, midt i reinsflokken!
Telefon: +47 907 50 250
E-post: info@fjellvaaken.no
Møsvatn, Hardangervidda og Mogen. Mogen Turisthytte er innfallsporten til Hardangervidda – villreinens rike, Nord-Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark.
Ein tur med M/B Fjellvåken II kan kombinerast med tradisjonsmiddag på Mogen Turisthytte og overnatting.
Opplev idylliske Møsvatn med Fjellvåken II – ved foten av Hardangervidda.

Aktuelt

Tur med Fjellvåken II
Båten går hver dag fra 03.07 til og med 20.08 mellom Skinnarbu og Mogen. Vi anbefaler den tilrettelagte stien "Kvennavegen", rundløype på 1,9 km. Underveis finnes lyttestolper der du kan høre folk som lever og bor i området forteller fra området.

Høyfjellscruise
Hver dag 03.07 - 20.08 kl. 09.30, retur 15.30. Bli med på dagstur fra Skinnarbu til Mogen, og opplev den vakre naturen og de vegløse gårdene rundt Møsvatn.

Chartertur med M/B Fjellvåken II
No kan du chartre båten Fjellvåken II med mannskap, og segle rundt på Møsvatn i ditt eige tempo! Noko å tenke på for firma, grupper, pensjonistlag eller andre lag, til dømes når eit gullbryllup eller en bursdag skal markerast. Bruk fantasien!
OBS: Tilbodet er begrensa, då båten er mykje i rutetrafikk.
Ledige tidspunkt:
- 24.06 – 04.09 etter kl. 17.00
(Ved andre tidspunkt, kontakt Fjellvåken)
For prisar, informasjon og bestilling kontakt Fjellvåken på telefon:
+47 907 50 250 eller e-post: info@fjellvaaken.no
M/B Fjellvåken II
Opplev idylliske Møsvatn med Fjellvåken II
Ved foten av Hardangervidda.
Høgfjellscruise inn til Mogen