Høgfjellscruise med M/B Fjellvåken II

Publisert: 05.05.2021 20:05

Bli med på dagstur med M/B Fjellvåken II på Møsvatn frå Skinnarbu til Mogen

Book billett her

Hver dag (25.06 – 05.09) kl. 09:30. Retur kl. 15:30

Opplev den vakre naturen og dei vegløse gårdane rundt Møsvatn. Kombinér turen med eit godt måltid med tradisjonsmat og lokale råvarer på Mogen Turisthytte.

Høgfjellscruise på Møsvatn

Turen startar på Skinnarbu kl 09:30. På båten møter du velkvalifiserte og hyggeleg mannskap. Kapteinen syter for at du får ein trygg seilas. Matrosen syter for at du får ei unik oppleving.

Vel framme blir du møtt av vertskapet på Mogen Turisthytte som på ein venlege måte syter for at de finn hytta. Ein fantastisk lunsjrett av lokale råvarer blir servera, i tillegg til ei lita historie om produktet.

På turen blir det informera litt om bygda Møsstrond, og korleis det heile starta.

Det blir høve til å vandre på ein opparbeidd sti langs Kvenna, før Fjellvåken II er klar for avgang kl. 15:30. Kaffe og vaflar smakar ekstra godt på heimturen.

Opplev den vakre naturen ved Hardangervidda, medan du blir fortalt historier om de veglause gardene rundt Møsvatn.

Gåvekort

Om du ønsker at andre skal oppleve det same, gi dei eit gåvekort.

Høgfjellscruise med Fjellvåken inkl. lunsj på Mogen Turisthytte: 

Pris
Vaksne kr. 775,-
Born 4-15 år kr. 360,-

NB! Turen må førehandsbestillast!

Book billett her.