Tips til sorteringsløysingar

Publisert: 23.11.2023 17:11

Kastar du plastemballasje, matavfall, og enda verre; FARLEG AVFALL i restavfallsbehaldaren?

Er det fordi du er usikker på kva som skal sorterast kor?

Last ned appen «Sortere», der kan du få svaret på det meste av det du lurar på!

Eller er det fordi du slit med dårleg plass i kjøkkenbenken?

Det finnast gode løysingar for oppbevaring av avfall andre stadar enn i kjøkkenbenken, som for eksempel ein kombinert «puff» med avfallsbøtter under lokket. Eksempelet på bilete er handla på Europris, men dette kan også kjøpast i andre liknande butikkar.

Denne finnast i ulike fargar og stilar, noko som gjer sjansen større for at den kan passe inn i dei fleste hus eller hytter.