Skipass
Stor jolemarknad på Raulandsakademiet og Telemarkstunet
Velkomen til jolemarknad inne på Raulandsakademiet og ute i Telemarkstunet laurdag 5.desember, kl. 11.00-16.00!
Velkomen til triveleg jolehandel inne på Raulandsakademiet og ute i Telemarkstunet. Her kan du handle jolegåvene du ikkje får tak i elles.
Så langt er 30 utstillarar påmeldte. Her finn du alt frå joletre og kònnband til handlaga gåver og jolebakst. I Årestoga blir det joleverkstad, her kan du m.a. prøve deg på grindvev, brikkevev og skinntrykk. Ved gapahuken kan du varme deg ved bålpanna.
Nokre utstillarar finn du ute, andre inne i dei forskjellige husa på tunet. Alle husa er i bruk denne dagen. Inne på Raulandsakademiet er det full fart i Vinjesalen. Kling, lefse, pinnekjøtt, knivar, heimestrikk, lokale bøker og mykje meir finn du her.
Kanskje finn du ei handlaga gåve i keramikk, eit smykke eller noko godt å setje på bordet til jol? I bodene blir det sal av mellom anna joletre, spikkeband, handverk av mange slag, saft, syltetøy og eit rikt utval småkaker og annan jolebakst.
Låven handverksutsal held ope, Eldhuset bakeri og Gardsjordstoga kafè er ope. I Årestoga er joleverkstad. Rykta fortel at jolenissen kjem innom også.
Ta turen til Raulandsakademiet og til Telemarkstunet og kjenn litt på den gode, lune jolestemninga. Ope frå kl. 11.00-16.00.
Ynskjer du å ha stand hjå oss- ta kontakt: post@raulandsakademiet.no
Velkomen til jolemarknad på Rauland laurdag 5. desember!

