Telemarkstunet

Telemarkstunet er innramma med tradisjonelle hus frå Rauland, som blei sett opp som eit tun på 1990-talet.

Sommar på Telemarkstunet er 24. juni – 6. august, kl. 11-16 alle dagar. Handverksutsal, bakeri, handverkarar, leikar, sommaryoga og meir. Følg med på programmet her.

Telemarkstunet har marknad om sommaren og jolemarknad i november/desember. 

Telemarkstunet er også kjend for sine sommeraktivitetar. Her er det bruktsal, sommerkafè i Gardsjordstoga, utstillarar, handverk på tunet, natursti og leikekrok for borna med sandkasse.

Det er konsertar i Årestoga kvar laurdag og sundag i juli. Dei blir publisert i eventkalenderen på framsida.

Telemarkstunet er også ope de siste helgene før jul. Då er det håndverksutsalget på Låven, kafè i Gardsjordstoga og bakeri i Eldhuset.
I tillegg er håndverksutsalget på Låven åpent i vinterferien og i påska.

Det er gratis entré på Telemarkstunet.

Omtrent en gang i måneden er det konsert i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland. Etter konsertane er det kro med dans i Gardsjordstoga.

Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. baking i Eldhuset, røyking av kjøt og fisk i Badstoga eller selskap i Gardsjordstoga. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.

Husene på tunet

Årestoga
Omlag ein gong i månaden er det konsert og kro i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

Låven
Låven er kopi av ei tradisjonell løe frå Vest-Telemark. Her finn du eit handverksutsal med ekte produktar frå omlag 120 ulike kunsthandverkarar. Det blir lagt vekt på norske produkt.

Låven er open kvar dag heile sommaren, i feriane og nokre helger før jul. Det er óg høve til å bestille opning av handverkutsalget og omvisning på Telemarkstuent for grupper.

Gardsjordstoga

Gardsjordstoga er ein kopi av eit hus frå Rauland. Vi har utvidet med eit stort modern kjøken og gjort i stand til eit flott selskapslokale. Her er det to rom med sitteplass til ca. 40 i kvart – ein kan også bruke eit rom til servering og eit til dans! Om sommaren kan ein besøke vår sommarkafé i Gardsjordstoga og nyte retter laga av lokale råvarer, gode heimelaga kaker, iskrem og vår eigen øl.

I tillegg har vi fleire rekonstruerte hus i bruk på tunet:

  • Veslebur
  • Loftet
  • Eldhuset
  • Stallen
  • Badstoga