Mat og drikke

I matsalen er det plass til ca 80 personar. Det blir servert god, heimelaga mat. Frokost er eit stort utval av kvalitetspålegg, frukostblandingar og yogurt, og heimebaka brød!

Kjøkenet på Raulandsakademiet serverar mat som er laga frå botnen, med kvalitetsråvarer. Me er særs gode på norsk tradisjonsmat, samstundes som me søker inspirasjon og smakar frå andre stadar i verda.

Me har kantine for studentane og lærarar på USN, men alle er velkomne til lunsj. Det er varmmat i kantina kl. 11-12 måndag-fredag i studieåret.

Me har skjenkeløyve.

Kokkane sørger for å lage god mat òg til dei som har matallergier – gje beskjed når du tingar rom for å hjelpe oss med å lage mat din diett.