Nyttig info for deg som vil på kurs

Publisert: 14.03.2018 16:03

Slik melder du deg på kurs

Du melder deg på ved å sende inn påmeldingsskjema, e-post eller brev. Klikk her for å kome til påmeldingsskjemaet.  Det er bindande påmelding.

Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fullteikna. Påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar, tek vi imot påmelding fram til kursstart.


Kursavgift 2023:

3-dagarskurs: Kr 4900,-
6-dagarskurs: Kr 7300,-
Lafting med rundtømmer (14 dagar): Kr 14 600,-


Kva dekker kursavgifta?

Kursavgifta dekker kurs og verkstad. På nokre kurs må du rekne med materialkostnader. Informasjon om materialkostnader finn du på kurssida til det aktuelle kurset.
Informasjon om overnatting og mat finn du litt lenger ned på sida.


Avmelding

Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg (e-post eller brev) så fort som mogeleg.

Avmeldingsgebyr er kr 950,- fram til fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. Same regel gjeld om det er sjukdom eller andre årsaker.


Når startar kursa og når sluttar dei?

Det er fellesmøte kl. 1515 fyrste kursdagen, med undervisning kl. 1530-1830. Deretter er det undervisning kl. 08.30-16, og du kan arbeide på verkstaden til langt på kveld. Kursa avsluttar kl. 12 siste dagen.

Tredagarskursa har 20 timar undervisning og seksdagarskursa har 40 timar undervisning.


10% rabatt på kursavgifta?

Meld deg på kurs før 1. mars eller bli medlem i:


Kven kan melde seg på kurs?
Kursa er opne for alle over 14 år.


Gåvekort

Du kjenner sikkert nokon som hadde hatt glede av å få eit kurs i gåve, og då kan du bestille gåvekort! Ta kontakt med oss på e-post: [email protected]. Vi treng namn på den heldige, kor gåvekortet skal sendast og kven som skal betale.
Prisar for 2023: 6-dagars kurs kr 7300,- | 3-dagars kurs kr 4900,- | overnatting og mat kr 1350,- per døger


Tips ein ven

Kjenner du nokon som du trur ville setje pris på å få ein kurskatalog? Ring oss eller send oss ei melding med namn og adresse, så sender vi katalogen i posten.


Overnatting og mat

Du kan bestille overnatting og mat på Raulandsakademiet, og det kostar kr 1350,- per døger for kursdeltakarar (kurspakke). Det blir servert 4 måltid per dag: Frukost, lunsj, ettermiddagskaffi/-måltid og middag.

Raulandsakademiet er ope for overnatting heile året og er medlem i Norske Vandrerhjem. Det er 49 rom fordelt på enkeltrom, tomannsrom og nokre familierom – alle med dusj og toalett.


Bur du heime eller på hytta under kurset, kan du bestille måltidspakke:

3 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi kr 750,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag kr 1450,-

6 dagar:
Lunsj og ettermiddagskaffi kr 1500,-
Lunsj, ettermiddagskaffi og middag kr 2900,-


Fritidsaktivitetar

Det er undervisning fram til kl. 16. Etterpå kan du arbeide på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar; yoga, tur i fjellet, bading i Totak, fisking, padling, ridetur eller du kan vitje ei av kunstutstillingane i distriktet. Sjå oversikt over fritidsaktivitetar og forslag til turar på www.visitrauland.com


Lurar du på noko?
Send oss e-post til [email protected] eller ring oss på tlf. 35 07 32 92


Raulandsakademiet AS,
Akademiet 2, 3864 Rauland
Tlf.: 35 07 32 92

www.raulandsakademiet.no