Eigen behaldar til farleg avfall og småelektronikk!

Publisert: 23.11.2023 17:11

Renovest tilbyr nå eigen behaldar for oppbevaring av farleg avfall og småelektronikk for både hushaldsabonnentar og fritidsbonnentar! Denne kan du hente på eit av våre bemanna avfallsmottak.

Skal du oppbevare flytande væsker i behaldaren er det viktig at det ligg i væsketette behaldarar slik at det ikkje renn utover i boksen. Slikt avfall skal helst leverast i originalemballasje. Har du ikkje originalemballajsen må det merkast med kva det er. For å redusere brannfare skal polane på batteria teipast over før dei leggast i boksen.

Boksen tek du med deg til eit av våre bemanna avfallsmottak når det passar deg. Der vil innhaldet inspiserast saman med deg slik at me får avklara eventuelle umerka avfallstypar før du får med deg ein ny boks heimatt.

Ta kontakt med oss dersom det er noko du lurar på.
Telefon: 350 68 000
E-post: [email protected]