Falkeriset

Barnas favoritt!

Panoramautsikt mot Hardangervidda. 3 km tur/retur. Vanskelighetsgrad: Middels

Falkeriset er eit lågt høgdedrag vest for Møsvatn, og har fått namnet sitt etter falkefangsten, som var ei viktig næring her fram til 1700-talet.

Nederlandske falkonarar

Nederlandske falkonarar budde i steinbuer under Falkenuten, og jakta på verdas største falk -jaktfalken. Falkane blei selde til fyrstar og kongar i Europa, der fuglane blei lærde opp til å fange til dømes fasan.

Restar etter steinbuer

I dag kan du sjå restar etter steinbuer under Falkenuten, og nordvest for toppen finn du fangsttufta. Jaktfalk, dvergfalk og tårnfalk hekkar framleis i fjellområda rundt Falkenuten.

Familievenleg tur

Familievenleg tur i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Delar av turen går du på fuktige myrer, så hugs vasstette sko.

Turbeskrivelse

Turen startar på steintrappa ved parkeringsplassen ved Kromvikvegen. Steintrappa gjer stigen lett å følgja. Det er jamn, lett stigning heile vegen gjennom fjellbjørkeskogen og opp til utsiktspunktet på snaufjellet. Om du ikkje går på utsiden av stigen, men følgjer steintrappa, sparar du naturen for slitasje, og hindrar at nye, gjørmete stigar vert til.

Slik kjem du hit

Frå Rauland sentrum køyrer du 4 km langs rv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Kromviki,
og etter 10,5 km kjem du til ein liten parkeringsplass på høgre side. Stien opp til Falkenuten
startar ved infotavla på venstre side av vegen.

Frå parkeringsplassen er det lett stiging oppover til Falkenuten. Fleire stiar går parallelt
oppover mot toppen. Der kan du nyte nista di med vidt utsyn i alle himmelretningar.

Frå Falkenuten kan du gå vidare innover i fjellet på ein umerka sti, eller gå same stien attende og nyte synet av Gaustatoppen. Turen er 3 km lang tur-retur, og tek ein time. Stien går i lett turterreng og er middels krevjande.

Sau på beite = hund i bånd! Husk båndtvang fra 1.april – 20.august.
    • Falkeriset er sauebeite. Det er viktig å halda hunden i band. Kvifor?
    1. Lause hundar kan jaga små lam til dei vert utmatta og stuper.
    2. Lam og mor kan skiljast frå kvarandre. Lammet får ikkje mjølk, og kan døy. Mora får ikkje tømt juret, og får jurbetennelse.
    • Det er rypejakt på Falkeriset frå 10.sept-29.feb. Lause hundar øydelegg for jakta.
Fakta

Sesong: juni – oktober. Kromvikvegen er vinterstengt til 1.juni, og stenge når snøen legg seg i oktober/november.
Høgdeskilnad: 146 m (950-1096 moh)
Terreng: Første del steintrapper, siste del tørr tursti. Jamn stigning.
Turkart: Rauland 1: 30 000