fredag 28. juni
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Høgfjellscruise med MF Fjellvaaken

MB Fjellvåken, køyrer dagleg tur/retur Skinnarbu – Mogen, på Møsvatn, frå 28. juni til 1. september 2024.

Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fot turistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute i over 130 år.

Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap. Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer ein isolert i nokre veker vår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer.

Båten landar og bli liggjande ved Liseth, så lenge at ein har god tid til å gå Kvennavegen og eller ein tur opp til Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret. Kanskje få nyte noko godt å bite i og kaffe på Argehovd gard. Dette vert det gjeve eigen informasjon om på Fjellvåken, på veg inn!

Det er og eit fantastisk utgangspunkt for dags-, fiske- og telt turar, og ein naturleg starten på ein lengre fottur på Hardangervidda. På båten er det enkel servering, men ein kan bestille noko anna når ein bookar.

Sjå rutetider og priser her

Datofredag 28. juni
TidspunktHele dagen