Skipass
Temakveld: Dans i Rauland

Rauland Historielag, Folkemusikkscena på Rauland, Falkeriset Folkemusikklag og USN Rauland samarbeider om eit to-dagers program med fokus på folkedans (og musikk) i Rauland. Vi ynskjer spesielt velkomen til tidlegare medlemmar i Rauland Dansarring og håpar på gode innspel!
Rauland Dansarring blei formelt stifta for 50 år sidan, i april 1976 av mellom andre Marit Vaagen, seinare Lilleland og Johan Vaa. Dei fyrste åra hadde laget stor aktivitet og mange medlemmar. Kjerneaktiviteten var sjølvsagt dansen, men også song og spel stod sentralt i laget.
Tysdag 10. november får du møte Marit og Johan i samtale med Frøydis Fossli om dei aller fyrste åra til laget. Arne Øygarden, som var laget sin faste spelemann dei fyrste åra, deltar også i samtala. Kanskje får vi også lurt dei tre til å demonstrere noko av det dei var så gode på?
Etter samtala viser Stian Roland (USN) filmopptak frå Vest- Telemark og peikar på ulike lokale og personlege særtrekk som vi sjeldan ser på dansegolvet i dag.
Servering av kaffi og kake.
Inngang tysdag: 200,- kr (150,- kr medlem i Rauland Historielag og Falkeriset Folkemusikklag)
Onsdag 11. november vert det dansekurs, konsert og dansefest. Les meir her!

