lørdag 3. oktober, kl 13:30
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Familieframsyning: Igor og dei gode hjelparane

En glad Igor Dunderovic synger og spiller gitar under en energisk forestilling med humor og hjerte.

Igor får hjelp av publikum til å fortelje eventyr og syngje songar, fordi han berre rotar det til på eiga hand. Dette er ei framsyning som er eventyrstund, konsert og teaterverkstad på same tid. Det blir ei familiestund fylt med både meistring og latter. Passar for familiar med barnehage- og småskuleborn.

Igor Dunderovic (Igor D.) er ein norsk-bosnisk artist, komikar og teaterinstruktør med lang erfaring frå arbeid med barn og unge. Han har gjennomført over 500 skulekonsertar og 500 teaterverkstader, og har skapt ei rekkje familie- og barneframsyningar der humor, musikk, deltaking og meistring står i sentrum. Igor vart nominert til Spellemannprisen for beste barneplate i 2014 og er kjend for engasjerande framsyningar som skaper både latter, kreativitet og fellesskap for barn i alle aldrar.

Gratis inngang!

Sted: Festsalen, Raulandshuset
Tid: 3. oktober kl. 13.30

Datolørdag 3. oktober
Tidspunktkl 13:30