Heiskort
Falkeriset
Panoramautsikt mot Hardangervidda. 3 km tur/retur. Vanskelighetsgrad: Middels
Falkeriset er eit lågt høgdedrag vest for Møsvatn, og har fått namnet sitt etter falkefangsten, som var ei viktig næring her fram til 1700-talet.
OBS: Falkeriset ligg i eit område der villreinen på Hardangervidda også ferdast.
Les meir om korleis du tek omsyn til villreinen her

Turforslaget
Falkeriset er ein av dei mest populære fjellturane på Rauland og passar godt for både familiar og dei som ønskjer ein kortare tur i lett til middels terreng. Turen går gjennom vakker høgfjellsnatur med steinlagde stiar, fjellbjørkeskog og opne parti som gir ei flott naturoppleving heile vegen opp.
På toppen ventar eit imponerande utsiktspunkt med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Falkeriset har også ei spanande historie knytt til den gamle falkefangsten i området, og under Falkenuten finn du spor etter steinbuer og gamle fangstplassar som gir turen eit ekstra historisk preg.
Vegbeskrivelse
Frå Rauland sentrum/Krossen køyrer du 4 km langs rv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Kromviki,og etter 10,5 km kjem du til ein liten parkeringsplass på høgre side. Stien opp til Falkenuten startar ved infotavla på venstre side av vegen. Falkeriset har fått navn etter falkefangsten i området.
Viktig informasjon
Falkeriset ligg i eit område der villreinen på Hardangervidda også ferdast.
I delear av året er vegen stengt, og me anbfalar da å heller nytte andre turar i område. Les meir om korleis du tek omsyn til villreinen her .
Nederlandske falkonarar budde i steinbuer under Falkenuten, og jakta på verdas største falk -jaktfalken. Falkane blei selde til fyrstar og kongar i Europa, der fuglane blei lærde opp til å fange til dømes fasan.
I dag kan du sjå restar etter steinbuer under Falkenuten, og nordvest for toppen finn du fangsttufta. Jaktfalk, dvergfalk og tårnfalk hekkar framleis i fjellområda rundt Falkenuten.
Familievenleg tur i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Delar av turen går du på fuktige myrer, så hugs vasstette sko.

Falkenuten
Fakta om turen
- Lengde: ca. 3 km tur-retur
- Varigheit: ca. 1 time
- Vanskegrad: Lett til middels
- Passar for: Familiar, barn og dei fleste turgåarar
- Høgdepunkt: Panoramautsikt og kulturhistoriske spor etter falkefangst

