En person med ryggsekk går tur med hund i snødekt fjellandskap. Perfekt for friluftsliv og hundevennlige eventyr.

Husk båndtvang i fjellet

Publisert: 13.04.2026 16:04

Har du med hunden på lufteturen i fjellet? Då har du kanskje hørt om båndtvang i enkelte områder. Turområdene i Vinje er blant dei. Og båndtvangen har sine heilt spesielle grunnar. 

Rauland har, som andre bygder i Vinje, flotte naturområder å ferdes i for både to- og firbeinte. Dessverre har man måttet innføre båndtvang etter å ha sett konsekvensen av lause hundar i fjellet.

Rauland har mange viktige beiteområdar for sau, og er også eit ypperleg sted for fuglar og fugleungar som har reieret sitt på bakken. Rådyrkalvar kan ofte også bli liggande aleine ein stund medan mora beiter og er utsett for å bli skremt.

Difor er det lovbestemt bandtvang i Vinje frå 1. april – 20. august. I Vinje kommune er det i tillegg ei lokal forskrift om utvida bandtvang. Les forskrift om hundehald i Vinje her