Heiskort
Er du klar for stolpejakt?
15. juni gikk startskotet for årets stolpejakt i Vinje.
Nytt av året i den nasjonale Stolpejakta er at det er plassert ut ein Gullstolpe 12 stader i landet. Finn du ein Gullstolpe, så får du premie i næraste Sport1 butikk. Så då oppmodar me til deltaking også andre stadar i landet enn Vinje.
Stolpejakta er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle. Det er ein familievenleg aktivitet, for alle aldrar og nivå. Oppgåva er å finne dei ein meter høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode.
Det er satt ut 54 stolpar i kommunen. Tre av stolpane er ABC psykisk helse stolpar, så me håpar du tek med deg ein ven på Stolpejakt. I år har me hovudsakleg prøvd å legge opp til rundløyper rundt om i kommunen
Som vanleg har me gode medhjelparar frå Vinje IL, IL Dyre Vaa, Haukeliseter Fjellstue, Austbø hotell, Haukelifjell Skisenter, Mogen turisthytte, Vinjesenteret, Møsstrond turisthytte og Rauland Skisenter.
Stolpane kan bli registrert på to måtar:
- Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.noLenke til et annet nettsted. og legg kodane inn på di side.
- Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefon og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.
Dei ulike fargane på stolpane gjev informasjon om kor vanskeleg/utfordrande det er å finne stolpane:
- Grøn – Svært lett
- Blå – Lett
- Raud – Middels
- Svart – Vanskeleg
Ha ei god jakt!
