Heiskort
Gaukenfestivalen i Vinje
14.–15. august blir det musikk, klubb, lokalmat og festivalstemning på og rundt kulturhuset Vinjar i Vinje. Gaukenfestivalen blir arrangert for aller fyrste gong – med tre scener og artistar frå ei rekkje ulike sjangrar.
Artistar kjem frå heimlege trakter og fjerne himmelstrøk. Mellom anna:
- Symre
- Skatebård
- Great News
- Modu and the Shakers (Dk/Senegal)
- Kenneth Lien & Center of the Universe
- Sinsenfist
- Adama Janlo
- Ævestaden
- August Selnes
- E-76
- Nö Bull
- Discjokate
- House on Sale (Disco Paradiso)
- Pumpegris
- Vilde Tuv
- GKR (Is)
- Rulefinn
- DJ Sissyfus – grendehouse set
Gaukenfestivalen er ikkje bunden av bestemte sjangrar eller trendar. Festivalen skal vere ein sosial og kunstnarisk møteplass for både ungdom og besteforeldre, innflyttarar og utflyttarar, turistar og telemarkingar.
Festivalcamp ligg eit steinkast frå festivalområdet.
Bussar vil bli sett opp frå ulike stader slik at folk slepp å køyre sjølve.
