fredag 16. oktober, kl 15:30

Marknad i Rauland Barnehage

Folk samles på et fargerikt marked ute i naturen, med boder og aktivitet i solfylt vær.

Velkomen til marknad i Rauland Barnehage fredag 16. oktober 15.30-17.30!

  • Sal av sveler, pylser med brød/lompe, saft og kaffi
  • Kakelotteri
  • Loppemarknad
  • Lykkehjul med lotte gevinstar frå lokale sponsorar
  • Song

Barnehagen tek imot lopper til loppemarknaden kvardagar mellom 7.30-16.00 fram til 13.okotober. Tinga må vera heile og reine. Me tek ikkje imot klede, tekstilar som gardiner og dukar, eller store møblar. Utover det tek me imot alle slag «lopper» som lamper, kjøkkenting, nips, jole stæsj, leiker, barnebøker, små møblar – ikkje store sofaer, bilete/speglar ol.

Alle er invitert til å koma å bli med på dagen vår, om du er barn, foreldre, besteforeldre, ung, gamal, nysgjerrig, høg eller låg, fastbuande eller hyttefolk, som du skjønnar er akkurat du hjarteleg velkommen til å gjera denne ettermiddagen gørrbra!

Kvart år tilbyr FORUT eit pedagogisk opplegg for barnehagar om korleis barn i andre land lever i forhold til oss i Noreg. Dette gjev kunnskap om globale forskjellar, ulikheitar og samanhengar på eit nivå som barn i Noreg forstår og synast er spanande. Barneaksjonen er godt forankra i Rammeplan for barnehagar. Ein viktig del av Barneaksjonen er at barn i Noreg gjer ein innsats for å skaffe midlar til å gjere barn tryggare i andre land. I år skal me bli kjent med Sanjana og livet hennar i Sri Lanka. Inntekta på markedet går til FORUT barneaksjonen.

Me brukar VIPPS. (Er det nokon som ikkje har vipps, kan me ta imot kontantar, men ikkje store kontant beløp, då me har lite veksel.)

HJARTELEG VELKOMNE!

Datofredag 16. oktober
Tidspunktkl 15:30 - 17:30