Tre reinsdyr vandrer gjennom norsk fjellandskap.

Vis omsyn til villreinen

Publisert: 28.04.2026 23:04

No på våren går me inn i kalvingstida for villreinen. Då er det ekstra viktig å vise omsyn til dyra og la dei vere i fred om ein skulle treffe på dei. Her er nokre tips til kva du kan gjere for å forstyrre dyra minst mogleg.

  • Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt i vitje.
  • Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai.
  • Fylg merkte løyper.
  • Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
  • Hald deg i ro om du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrra
  • Bruk kikkert og hald avstand.

Meir om villrein på Vinje kommune sine nettsider.

Flokk med reinsdyr løper fritt i norsk natur under en blå himmel.