Jakttid i Vinje

Høsten er en vakker tid for å ferdes i fjell og skog i Rauland, men det er også en tid for jakt. Allerede fra august er jakten på villrein, hjort og rådyr godt i gang, mens elgjakta starter den 25. september. Jakttradisjonen står sterkt i Vinje, og det er viktig at alle som ferdes i utmarka er klar over jaktaktiviteten og tar hensyn til både jegere og vilt.

Grunneigarane i kommunen har både jaktrett og forvaltningsplikt over viltressursane på sine eigedomar. I Vinje er det lange tradisjonar på å hauste av dei viltressursane me har, og det er viktig å forvalte ressursane på ein god og berekraftig måte.

Med om lag 70 elg- og hjortejaktlag i kommunen vil det til tider vera mange jegerar i utmarka. Det er dermed ikkje til å unngå å møte dei av og til. Utmarka er for alle, men det er viktig å ta omsyn

Hovudtyngda av jakta går føre seg dei 3-4 fyrste helgene, medan det er mindre jakt i november og desember. I hovudsak skjer hjorteviltjakta på “alt areal” i kommunen. Jakta på rådyr, elg og hjort skjer under tregrensa, medan jakta på villrein skjer over tregrensa.

Vinje kommune sine råd til dei som brukar utmarka om hausten er:

  • Kle deg synleg, bruk gjerne friske fargar.
  • Bruk grusvegane og dei merka stiane.
  • Bruk dei sentrumsnære stiane/vegane, spesielt dei fyrste helgene.
  • Ta kontakt med jegerane du treffer på, spør om kvar dei jaktar og kor du bør gå.
  • Vis omsyn til kvarandre!

Jakttider:

  • Rådyr: 10. august til 23. desember
  • Villrein: 20. august til 22.september
  • Hjort: 1. september til 23. desember
  • Elg: 25. september til 23. desember
Image

God tur!