Difor er det båndtvang i fjellet

Publisert: 15.06.2022 23:06

Har du med hunden på lufteturen i fjellet? Då har du kanskje hørt om båndtvang i enkelte områder. Turområdene i Vinje er blant dei. Og båndtvangen har sine heilt spesielle grunnar. 

Rauland har, som andre bygder i Vinje, flotte naturområder å ferdes i for både to- og firbeinte. Dessverre har man måttet innføre båndtvang etter å ha sett konsekvensen av lause hundar i fjellet.

Rauland har mange viktige beiteområdar for sau, og er også eit ypperleg sted for fuglar og fugleungar som har reieret sitt på bakken. Rådyrkalvar kan ofte også bli liggande aleine ein stund medan mora beiter og er utsett for å bli skremt.

Difor ønskjer vi at alle held sine hundar i band når de ferdast i fjellet!

God tur!