Stolpejakt i Vinje

Publisert: 14.06.2022 13:06

I Vinje kan du jakte stolpar i sommar!

Tilgjengelig i perioden 22.06.2024-13.10.4

Vinje kommune har «stolpesesongen 2024»  i samarbeid med  Vinje IL,  IL Dyre Vaa, IL Rein, personar i Øyfjell og Rauland Skisenter satt ut 55 stolpar i kommunen. Du finn sumaren 2022 stolpar flere plassar i Vinje kommune, mellom anna i Åmot sentrum, Rauland sentrum, sentrum Edland/Haukeli, Raulandsfjell, Vierli, Holtardalen, Øyfjell og Vågslid.

Stolpejakten er eit lavterskel aktivitetstilbod og ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå. Stolpejakten er eit gratis tilbod for alle. Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode om du vil nytta telefonen:

Dei ulike fargane syner kor vanskelig det er å finne stolpane:

Grøn – Svært lett

Blå – Lett

Raud – Middels

Svart – Vanskeleg 

 Stolpane kan registrerast på 3 måtar:

1. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side

2. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane

NB! Me gjer merksam på at det på nokon stadar er forskjell på stolpefargen i verkelegheita og det som blir vist i appen. Men QR-kode og bokstavkodar er rektige

Bli med i trekning av premiar

Er du innom 30 stolpar blir du med i trekninga av fem gåvekort på 1000 kroner. Vinnaren kan sjølv velje kvar han/ho vil bruke gåvekortet innanfor Vinje kommune. Trekning av gåvekort blir gjort etter 13. oktober.

Vinnarar blir kontakta, og vil bli offentleggjort på Vinje kommune si heimeside.

Dei fleste stolpane blir ståande ute til og med 13.10.23, men nokon stolpar kan bli fjerna tidlegare grunna jakt. Me må også ta atterhald om siste dato om det kjem sno.

Ha ei god jakt!