Vierli

Opplev Falkeriset
Topptur for hele familien

Vierli er ein av lokasjonane hjå Rauland Feriesenter. 1000 moh.

Sommaren på fjellet er fantastisk. Her er det eit rikt dyreliv både på fjell og i vatn, og det er store sjansar for fangst med fiskestanga både frå land og båt. Dei som bur i utleigehyttene våre, får fiske gratis og låne båt og kano. Redningsvestar fylgjer med.

Eit mangfold av opplevingar
Leikeplass

Leikeplassen er det mange som brukar. Her er det utfordringar for både liten og stor.

Mange turløyper

Turløypenettet er godt utbygd med merka løyper også på sommarstid og innbyr til fotturar ved foten av Noregs mest kjente nasjonalpark, Hardangervidda.

På ein varm sommardag kan det vere forfriskande med eit bad i eit av dei nærliggande fjellvatna. Ein kan og legge ut på padletur i ein av kanoane våre.

Eller kva med medbrakt grillmat tilberedt ved båtplassen ved Uvatn.

Sommaren på Vierli

Sommaropen kafeteria med både enkle lunsj rettar og middag. Leikeplass til borna, Barnas Seter, vandreturar og båtutleie. Velkommen.

Det er over 10 km med merka rundturstiar for fjellvandring; stiane er tilrettelagte med klopper, slik at ein går tørrskodd nesten heile turen.

Rauland Feriesenter tilbyr eigen turorientering tilrettelagt for barnefamiliar med åtte postar i nærområdet. . Alle som fullfører turorienteringa, får ein liten premie. Tak kontakt med personalet på Vierli kafe for utlevering av kart.

Barnas seter

Ved Barnas seter kan du oppleve geiter, ender, kaniner m. m på nært hald. Barnas seter held ope fra 1. juli, fram til midten av september.

Fiske

Bur du hjå Rauland Feriesenter får du fiske gratis i innsjøane våre, Oksatjønn og Uvatn. Uvatn har eit avgrensa område, men i Oksatjønn kan du fiske overalt.

Fiskekort kan kjøpast på turistkontoret i Rauland eller på Vierli Kafeteria.
På Vierli Kafeteria kan du og leige kano og båt.

Rauland har også fantastiske fiskevann i Totak, Lognvikvatn, Tansvatn og Møsvatn, 8–10 km frå Vierli.

Kultur

Rauland har eit rikt kulturliv med konsertar og arrangement heile året. Dei to store skulptursamlingane Dyre Vaa-samlingane og Skinnarland-samlingane er verd eit besøk.

Raulandsutstillingen er også ein kjent sommerutstilling som samlar eit vidt spekter av kjente og mer ukjente kunstnare. Her kan man finne variasjoner innenfor kunsthåndverk, billedkunst og tekstilar av svært høy kvalitet.