Raulending
Det er med stor glede me lanserar eit samarbeid med vårt lokale Vinje Bryggeri. Resultatet er ølet Raulending.
Du har kanskje fått med deg diktkonkurransen me hadde tidlegare.
Raulending blir å få kjøpt hos Rauland Skisenter, Rauland Høgfjellshotell, Austbø Hotell, Raulandsakademiet og Raulandstoga så lenge varelageret rekk. Lansering etter planen i slutten av november. Mer informasjon kommer når den er klar hos våre utsalgssteder.
Vinje bryggeri er ekte handverk frå fjellbygda Bøgrend i Telemark. Kjem du dinglande frå aust eller vest, finn du bryggeriet midt i dampen langsmed E-134.
Raulending er ein lys kveiteøl eller «Weissbier» meint til å passe både aleine, afterski og inntil mat. Ufiltrert og upasteurisert.
Lagrast kjøleg og ståande. Ideell serveringstemperatur: 8 – 12 °C
Ingrediensar: Vatn, bygg, kveite Volum: 0,5 l


Raulending
Her har du ein smak av bygdi mi
Best kjend for feleslåttar, natur og ski
Bryggja og tappa i fjellheimens rike
Eg trur og vonar du det vil like
Eg skummar og klukkar når du slær meg i glas
Og sødmen min den er som nyslegi gras
Fargen han minnar om telemarkskyr
Den staselige flokken der ute på myr
Eg passar til kvende, karar og gjest
Nyt meg til kvardag og ha meg til fest
Raulending; fjellets øl
Av Laila Nordskog