Stem fram din favoritt til øletiketten på Raulending

Publisert: 30.10.2023 16:10

Me takkar for alle gode bidrag til diktkonkurransen!

Me har nå plukka ut 3 dikt som du kan vera med å stemme på. Les dikta nedanfor og stem fram din favoritt med skjema.

Stemmer du er du med i trekninga av ein heldig vinner som får ein hyggelig overraskelse.

Dikt 1)

Raulendingen
Eit glas og to av Raulendingen,
Vil gjera deg lett og fin i vendingen.
Har du vert på ski og nedover bakkane susa,
Då er da godt å kjenna etterpå at Raulendingen i kroppen brusa.
Med Raulendingen i koppen,
Blir eg skikkelig glad i toppen.

Dikt 2)

Raulandingen
Her har du ein smak av bygdi mi
Best kjend for feleslåttar, natur og ski
Bryggja og tappa i fjellheimens rike
Eg trur og vonar du det vil like
Eg skummar og klukkar når du slær meg i glas
Og sødmen min den er som nyslegi gras
Fargen han minnar om telemarkskyr
Den staselige flokken der ute på myr
Eg passar til kvende, karar og gjest
Nyt meg til kvardag og ha meg til fest
Raulendingen; fjellets øl

Dikt 3)

Raulendingen
Vild å frisk, passar til fisk.
Høge toppar, ølen boblar.
Skummar som pudder i bratte heng,
Denne ølen e alt eg treng.
Bålet brenn og tørsten slukkas,
Eg kjenne på at eg har lukkas.

 

Stem på din favoritt

Konkurransen er avsluttet og vinneren er dikt nr. 2 av Laila Nordskog. Vi gratulerer! 

Les mer om Raulending her