Han kom som liten gut til garden Kjos i Åmotsdal som juring. Av Jon Kjos lærde han mykje om felespel og når bygdfolket møttest på Dansarsteinen var den unge Myllarguten spelemann.

Myllargutvegen

Tanken om å laga Myllargutvegen er at mykje av Myllarguten sitt liv er knytt til desse bygdene der denne vegen fer igjennom.

Informasjon
Telefon: 916 63 922
E-post: [email protected]


Myllarguten

Torgeir Augundsson (døpt 1. november 1801 i Sauherad, død 21. november 1872 i Rauland), bedre kjent som «Myllarguten», var ein legendarisk spelemann fra Sauherad i Telemark. Lokal uttale av navnet er «Tarjei»

Konsertar med Ole Bull

Augundsson vart gift med Ingeber Rikardsdotter Haugen frå Edland og budde då på ein stad som heitte Rispehaugen. Han kjøpte Øygarden for pengar han tente på konsertane han hadde saman med Ole Bull.

Etter ei tid måtte han gå frå denne garden og flutte så til husmannsplassen Kosi i Arabygdi der han døydde. Det er det me no kallar Myllarheimen.

Dei er båe gravlagde ved Rauland kyrkje.

Myllargutvegen er vakker for dei som kjem med bil, men kanskje spesielt for dei på sykkel!

Reisen hit


Myllargutvegen tek av frå E134 ved Nutheim i Flatdal og fyljer fylkesveg 503 fram til Straume brui Øyfjell, der kjem ein inn på fylkesveg 801 fram til Rauland.

Vidare fyljer ein Rv. 362 gjennom Rauland, langs Totak til Arabygdi og Edland der du kjem inn på E134 i Haukeligrend.