Bruse er eit aktivt lite bukkekje frå Vinje i Telemark. Når sola stig over fjella, står han alt klar på ein stein og speidar utover fjellbygdene. Med glimt i auga er han klar for nye eventyr!
Han elskar fjellet og dei fine dagane ute, det er umogleg å ikkje smile når den vesle bukken kjem trippande. Bruse er nysgjerrig, modig og full av pågangsmot, og aller mest likar han å møte nye vener på vegen. Når snoen legg seg over Vinje er Bruse ofte å sjå ute i vinterlandskapet.
Han elskar å stå på ski, og han er ofte ute i skibakkane eller i løypene. Han likar seg ekstra godt når vinden ruskar i pelsen, og når det har kome skikkelege mykje sno susar han forbi dei fleste. På ein varm sommardag trivst han aller best til fjells der han nyt det gode støylslivet.
Han hoppar lett frå stein til stein over brusande bekkar og kliv høgt for å sjå kvar stien fører. Sjølv om han nokre dagar synes fjellsidene kan vere litt bratte, gjev han seg ikkje. Han er jo trass alt ein tøff og sta, liten geitebukk! Dersom han ser folk på sin veg får han raskt opp farten.
Då spring han fram og helsar med ei ljos mekring og lystige hopp. Han likar også å vere der det skjer – blant folk, latter og liv. Ikkje bli overraska om han kjem susande på sykkel med hjelmen på snei. Alltid klar for nye opplevingar! Å leike med barn er noko av det moroaste han veit.
Då sprett han rundt, tullar og tøysar! Dersom du treff på den vesle tullebukken, må du kome bort og helse på, for det beste Bruse veit er kos og klem frå dei små menneskevenene sine!


