Heiskort
Vintermarknad på Rauland
Då har vinteren kome for fullt på Rauland, å me ynskjer å ivnitere dykk til vintermarknad i Rauland sentrum!
Tid: Laurdag 21. februar frå kl. 11.00 – 15.00
Etter suksessen med det årlege haustmarknaden, «Rauland Høstfest», tek vi no initiativet igjen til å skape ein vintermarknad i sentrum!
Me innbyr til ein levande marknadsplass der lokalbefolkninga og besøkande kan nyte det beste av kva utstillarane har å tilby. Her finn du alt frå handverk, lokalt produserte matvarer, klede og mykje meir.
Me gler kånn til god stemning i Rauland sentrum!
Ynskjer du å stille ut? Sjå info nedanfor

Info til utstillarar
Velkomen som utstillar på vintermarknaden! Nytt i år er at 10 klasse på Rauland skule bistår – viser standen, hjelper dykk med ev. bering og ev nedrigging. Dette gjer dei for inntekt til 10 klasse turen sin.
Då vil det i år koste 300,- pr stand.
Det blir lagt opp straum på standene, men de må ha med straumsnelle sjølve. Gje beskjed om dykk treng straum. De er velkomne til å koma med ynskje om plassering og størrelse av stand,men ber om forståelse for att me ikkje kan innfri alle.
Kontakt Gro på Lega 40290160 gro@lega.no for påmelding innan 15. februar.
