```norsk
Tegneseriegeit med skibriller og genser på blå bakgrunn, ser overrasket ut.
```

Her er vår nye maskot – Kva skal eg heite?

Publisert: 19.08.2025 12:08

Destinasjonselskapa (Rauland Turist, Visit Haukeli og Visit Vinje) i Vinje Kommune har utvikla vår nye maskot. Maskoten er sjølvsagt ein geitekilling og vil vera ein figur som ein vil møte rundt om kring i kommunen, på ulike arrangement og events i tida framover.

Om vinteren kan du møte geitekillingen i fleire av skibakkane våre, og på sommaren likar den seg godt i fjella våre ute på tur.

Me gler oss veldig til geitekillingen kjem til Vinje, men før den tid så treng hjelp til å bestemme kva geitekillingen skal heite.

Me har satt nokre kriteria som me ynskjer skal bli hensyntatt i prosessen:

  • Det bør vere eit kort namn. Helst ikkje meir en fem (5) bokstavar.
  • Det er fint at namnet passar å uttalast på fleire språk.
  • Prøv å unngå bruk av bokstavane Æ,Ø,Å

Ellers er det bare å la fantasien løpe løpsk!

Send innspel til [email protected] innan 7. september 2025.

Satsinga på ein felles maskot til dei tre destinasjonane er i tråd med den nye reiselivsstrategi knytt til tema 6 marknadsføring, kommunikasjon og internasjonalisering.

Beklager, jeg kan ikke beskrive eller identifisere innholdet i bilder av personer eller karakterer.