Fiske

I Vinje Kommune er det hundrevis av små og store vatn som til sammen dekker eit areal på 250 km2.

Kjøp fiskekort her.

Fiske i Rauland, Telemark

Rauland, Haukeli og Vinje eit stort og variert tilbod til deg. Du må kjøpe fiskekort som gjeld for det vatnet du ønsker å fiske i.
Born under 16 år kan fiske gratis – hugs gyldig legitimasjon.

Felles fiskekort i Rauland

Følgende vatn er heilt eller delvis med i felles fiskekort for Rauland:

Bakketjønn, Bitdalen, Bituå, Dyrdalsvatn, Englandsmotjønni, Lognvikvatn, Oksatjønn, Rorgevatn, Stavatjønn, Stuvetråtjønni, Tansvatn, Uvatn, Vikvatn.

KJØP FISKEKORT HER.

Kortprisar

Nå kan du også kjøpe fiskekortet på sms og på turistkontoret på Rauland.

Kortprisar

2 dagerskort: kr 100,-
vekekort: kr 200,-
Årskort: kr 700,-

Fiskekort kan også kjøpes på Rauland Turistkontor. Kontaktinformasjon: Rauland Turistkontor tlf. 35 06 26 30 [email protected]

Sams fiskekort – Vinje sin del av Hardangervidda

Desse eigedomane er med på ordninga: Storheller, Berunuten vest, Austre Vollane, Vestre Vollane, Mogen, Li, delar av Lisetfjell og diverse småeigedomar i og rundt Bitdal, dessutan Rauland Statsallmenning.

Kva for vatn gjeng fram av Inatur, skriv «Hardangervidda» i søkjefeltet.
Prisen er 250,- for tidagarskort og kr 500,- for årskort.

Garnfiske i Lognvik- og Tansvatn- Sommer 2018

Lognvik og Tansvatn fiskelag låner ut gratis fiskegarn 21 mm + 31 mm for å redusere antal småfisk i Lognvik- og Tansvatn.

NB! Send fangstrapport på SMS eller bruk eige skjema.

Kontakt:

– Rolf Skjelde på tlf. 940 53 773, + nøkkel til bom ved Fagersand/Podden

– Boudewijn Kerssemakers tlf. 954 69 982

Fiskekort Uvatn og Oksatjønn, Rauland

Uvatn og Oksatjønn ligg på ca 1000 m.o.h. Det er litt vegetasjon kring vatna men dei høver godt til stongfiske. Vatna har flott aure med vanleg vekt på ca. 0,5 kg.

Uvatn: Aurefiske i ein mindre del av vatnet. Utleige av båt og kano ved vatnet som ligg 300 meter frå Vierli Kafeteria.

Oksatjønn: Aurefiske i heile vatnet som ligg i bjørkebeltet. Dette gjer vatnet godt egna for stongfiske. Der er stor fisk av flott kvalitet, ofte over 0,5 kg. Utleige av båt. Det tek ca 30 minuttar å gå frå Vierli Kafeteria til vatnet. Fiskekort for Uvatn gjeld for avmerka område( sjå kart). Fiskekort for Oksatjønn gjeld heile
vatnet.

Utsalsstader:
Vierli Kafeteria og Rauland Turistkontor

Tlf: 35 07 23 00