Snødekt landskap med containerrekker, omringet av skog under blå himmel i vinterlandskap.

Nytt hyttereturpunkt på Rukkemo Aust på Rauland

Publisert: 28.11.2023 22:11

Renovest IKS har no etablera eit nytt hyttereturpunkt med full kjeldesortering på Rukkemo Aust på Rauland. Punktet ligg om lag 3 km frå Austbøkrysset og om lag 600 meter før avkøyringa til Rauland skisenter.

Det er eigne skap i matavfallsskura der det kan hentast matavfallsposar. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp». Dei gamle returpunkta ved Farhovd/Flotubuvegen, Flishaugen og ved Rauland skisenter er no avvikla. Me minner om at det også er nytt returpunkt på Vierli.

Kart over Rukkemo aust til Vierli returpunkt med rute og markerte kryss.