Sommarutstilling og salsutstilling

Publisert: 01.07.2021 15:07

Sommarutstilling og salsutstilling på Skinnarlandsamlinga 2021

Nedre Såtehov 4, Rauland

Sommarutstillinga på Skinnarlandsamlinga vil i år presentere arbeid av to av Noreg sine mest kjende og respekterte kunstnarar: Ørnulf Opdahl og Tore Hansen. Ørnulf Opdahl bur og arbeider på Godøya, med havet rundt seg. Tore Hansen kjem frå Grue Finnskog, med skogen som næraste nabo. Store kontrastar i natur og kultur, noko som ein kan sjå i kunsten deira.

ØRNULF OPDAHL

Ørnulf Opdahl er fødd i Ålesund i 1944. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og ved Statens Kunstakademi i Oslo. Frå 1985-1992 var han professor ved Statens kunstakademi. Sidan tidleg på 1970-talet har Ørnulf Opdahl budd og arbeidd på Godøya utanfor Ålesund. Dette landskapet har hatt, og har, stor betydning i det kunstnarlege uttrykket hans, både i måleri, akvarellar og i litografia. Naturelementa og stemninga i landskapet vert uttrykt gjennom kontrastar i lyset, i fargane og i formene i kyst- og fjordlandskapa. Han blir ofte omtala som ein fornyar av landskapsmåleriet i Noreg. Han har hatt ei rekke kollektiv- og separatutstillingar i Noreg og i utlandet og er kjøpt inn av fleire store kunstinstitusjonar og kunstsamlingar i inn- og utland, m.a. Nasjonalmuseet, Museet for samtidskunst, Riksgalleriet, Norsk Kulturråd, Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst, Nasjonalbiblioteket, Bibliothèque National de Paris, Frankrike, Statsministerens Kontor, H. M Dronning Sonjas samling, University of Northumbria, Newcastle og British Museum, London.

TORE HANSEN

Tore Hansen (1949) er fødd og oppvaksen på Finnskogen, der han framleis bur og arbeider. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og ved Statens Kunstakademi i Oslo. Skogen er ei inspirasjonskjelde som ein finn igjen i kunsten hans, både tre, dyr og menneske i naturen er gjennomgåande motiv. Motiva er gjerne abstraherte og forenkla og med sterke kontrastar i fargevalet, gjerne svart / kvit kontrastar med innslag av grønt, blått, raudt og gult. Det forenkla og sterke formspråket formidlar kraft, ro og mennesket som ein integrert del i naturen. Det forenkla formspråket framstår som monumentale uttrykk. Tore Hansen har hatt ei rekke kollektiv- og separatutstillingar i Noreg og i utlandet og er kjøpt inn av fleire store kunstinstitusjonar og kunstsamlingar i inn- og utland, m.a. Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet, Norsk Kulturråd, Bergen Billedgalleri, British Museum, Piirkanpohjan collection, Norges Banks kunstsamling, H.M.Dronning Sonjas Kunstsamling og Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst.

Alle datoar

Fredag 25. juni – søndag 15. august:
Alle dagar: 11.00 – 17.00

 

Salsutstilling Reidar Kolbrek på Dyre Vaa-samlingane 2021

Dyre Vaa-samlingane

Reidar Kolbrek (f. 1939)

Sjølv om han er fødd i Hokksund har Reidar sidan 1974 gjort raulending av seg. Han reiste tidleg til sjøs og etter Statens Håndverk og Kunstindustriskole på slutten av 50-talet byrja han som reklameteiknar.

Etter eit studieår i Spania der han teikna og måla akvarellar med bymotiv og landskap rundt Valencia, debuterte han i 1969 her i landet med desse arbeida. Kritikarane rosa måten han fekk fram dei spanske landskapa med det spesielle lyset. Framover blei det mange kollektivutstillingar og over 100 separatutstillingar i inn og utland.

Etter at Kolbrek kom til Rauland henta han fyrst og fremst motiv frå øvre Telemark. Sommarenger og fruktblomstring – seinare skog, fjell og fossar. Han er glad i naturen og særleg skogen. Mykje av tida sto han ute og måla – det var viktig å stå under open himmel, kjenne på naturen for så å skape ærlege skildringar i måleria.

Han bruka kraftige fargar og blir av og til kalla ein “gamaldags modernist” –  lag på lag med måling slik at arbeida får ein kraftig overflatestruktur.

På 80-talet måla Kolbrek religiøse motiv, store og små Kristusbilete. Han målar framleis og nok ei gong har han skifta tema og uttrykk……

Alle datoar

Fredag 25. juni – søndag 15. august:
Kvar tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag: 11.00 – 17.00

Kontaktinformasjon

Tlf: 35069090
E-post: [email protected]