Heiskort
Høgfjellscruise til Hardangervidda
Noregs vakraste høgfjellscruise!
MB Fjellvåken, kjøyrer dagleg tur/retur Skinnarbu – Mogen, på Møsvatn, frå 26 juni til 6 september 2026.
Booking, priser og rutetider Kjøp gavekort
Nytt for sesong 2026 er at Fjellvåken stopper innom Hovdenøya, der Møsstrond turisthytte tilbyr enkel overnatting, og kafe i helgene. Fjellvåken kan innom Hovdenøya på første turen inn til Mogen og siste turen ut igjen til Skinnarbu.
OBS: For at Fjellvåken skal stoppe på Hovden må billetter bestilles online i forkant.
Se også: Kjøp gavekort på Fjellvaaken II
Eit samarbeid med Nasjonalparksenteret, gjer at passasjerar på Fjellvåken får 20% rabatt på inngangsbilletten til Nasjonalparksenteret, som i år lanserar ein VR-oppleving der ein er inne på Hardangervidda, midt i reinsflokken!
Telefon: +47 907 50 250
E-post: info@fjellvaaken.no
Booking, priser og rutetider Last ned vår brosjyre
Turen fra Liseth og inn til Mogen er 3 km, ein fin gåtur langs vegen, syklar er tilgjengelig for dei som ynskjer det. Lunch på Mogen serveres kl.12.00.
Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fotturistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute på Møsvatn i over 130 år. Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap.
Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer fastbuande isolerte i nokre vekervår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer. Fjellvåken gjeng frå Skinnarbu, der er det muligheter for parkering. Båten kjøyrer innom Hovdenøye (dersom det er booka billetter).
Fra vatnet kan du sjå vakre Møsstrond kyrkje, bygd opp att i 1923 etter att den brann ned i 1919 frå eit lynnedslag. På Hovden ligg Møsstrond Turisthytte. Her kan du senke skuldrane og nyte stillheit i ekte høgfjellsnatur. Hytta tilbyr komfortable rom for overnatting og gode opplevingar tett på naturen. Du kan låne kano, utforske vatnet, ta eit frisk bad eller prøve fiskelykka!
I helgene er det kafedrift med noko godt å bite i, mens hytta ellers er sjølvbetjent. På turisthytta fins det ein enkel selvbetjent butikk, med dei viktigste dagligvarane for deg som overnatter eller er på tur.
Videre kjøyrer Fjellvåken innover Møsvatn mot Mogen. Båten landar og blir liggjande på Liset. Så lenge at ein har god tid til å nyte ein god lunsj på Mogen turisthytte, gå Kvennavegen eller vandre ein tur langs elven Kvenna å sjå Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret.
Mogen Turisthytte er ein betjent DNT hytte, som tilbyr trivelig overnatting i ein renovert turisthytte samt ein matopplevning. Bestill Høgfjellscruse med Fjellvåken, dette inkluderer tur/retur billett med Fjellvåken samt ein nydelig lunsj ved Mogen turisthytte.
-----
Møsvatn, Hardangervidda. Innfallsporten til villreinens rike, Nord-Europas største høgfjellsplatå og Noregs største nasjonalpark.
Opplev idylliske Møsvatn med Fjellvåken II – ved foten av Hardangervidda


Aktuelt

Sommerkart over Rauland

Sommereventyr på Mogen Turisthytte

Høgfjellscruise med M/B Fjellvåken II

Mogen Turisthytte helrenovert og klar for sommeren

Kjøp et gavekort på Fjellvåken II
M/B Fjellvåken II
Ved foten av Hardangervidda.
Høgfjellscruise inn til Mogen
