Ingenting slår late sommardagar på ei strand under skyfri himmel. Etter eit besøk her er det lett å skjøne kvifor denne perla har fått namnet Fagersand.
Fagersand strekkjer seg over meir enn 50 dekar – her er det god plass til både små og store. Sjølv om landskapet har lege uendra i tusenvis av år, har det no fått eit etterlengta løft.
Slik kjem du deg dit
Køyr ned ved Austbø hotell og følg skilta. Då kjem du til ein ny og opparbeidd parkeringsplass. Derfrå er det berre nokre hundre meter å gå før du står på den vakre sandstranda.
Parkering kostar 50 kroner per dag, og inntektene går uavkorta til vedlikehald av området.
