Sommar på Telemarkstunet

Publisert: 22.07.2021 15:07

Telemarkstunet er eit aktiv tun med aktivitetar for barn og vaksne. Handverksutsal, steinomnsbakeri, fleire utstillarar og sandkasse heile sommar. Ta med heile familien til ein koselig utedag med kjøp og sal av brukte ting, lokalmat, handverk og musikk!

Sommar 2023: 24. juni – 6. august kl. 11-16

Telemarkstunet er kjent for sine sommeraktiviteter. Her er det handverksutstilling på Låven, sandkasse ute, vedfyrt steinovnsbakeri og kiosk i Eldhuset med salg av ferske bakevarer kvar dag gjennom heile sommaren.

James Chikondenji er tilbake på tunet. James er ein prisbelønt treskjerar frå Malawi som har vore i Noreg nesten kvar sommar dei siste 15 år.

Smikurs i den nye smia på tunet i uke 27 og 29, tysdag til laurdag. Kom og sjå på deltakerane som er på kurs.

Laurdag 8. juli: Samson Øvstebø frå Åkra fører vidare gamle handverkstradisjonar og lagar kiper, kister, vogger og skrin m.m. Han viser fram fletting av lindebast tau og viser korleis korger og kiper vert laga. Ta ein tur innom for og sjå , kanskje noko fint og kaupe au.

Konsert med Magnus Wiik solo arr i  Årestoga, 8 og 9 juli kl 13.00

https://fb.me/e/3JGjVuqqA

 

I veke 30 vert det pop-up bruktbutikk i loftet (24.-30. juli)

 

I sommar vert det for fyste gong Sommaryoga på Raulandsakademiet! Klikk deg inn, lese om dei ulike tilbod og meld deg på!

 

Munnspillkonsert i Årestoga,  Lørdag 5 august kl 18:00

Medvirkeande : Sigmund Groven, Tore Reppe og Yoonseok Lee og deltakere fra Norsk Munnspillforum på munnspill. Ivar Anton Waagaard på piano.

Billettar kjøpast ved inngangen Kr 200,-

 

Programmet oppdateres fortløpande! Kom gjerne tilbake hit ofte.

Vil du vere med på tunet som utstillar eller musikar? Her kan du lese invitasjonen til handverkarar og musikarar.

Om sommaren er det geiter på tunet, og du kan også gå Beverstien – ein natursti med informasjon om natur og kultur.

Det er gratis entré på Telemarkstunet.

Omtrent ein gong i månaden er det konsert i Årestoga i regi av Folkemusikkscena på Rauland. Etter konsertane er det kro med dans i Gardsjordstoga.

PS! Ein kan også leige lokale på Telemarkstunet om ein vil arrangere eit kurs eller ein fest der ein legg inn ein del aktivitetar, t.d. baking i Eldhuset, røyking av kjøt og fisk i Badstoga eller selskap i Gardsjordstoga. Ta kontakt med kontoret på Raulandsakademiet, tlf 35 07 32 92.