Invitasjon til handverkarar og musikarar

Telemarkstunet skal halde ope for sommaren 2020, 27. juni – 9. august. Vi ventar stor trafikk av folk som er på Norgesferie! Benytt sjansen å vise deg frem.

Vi ynskjer velkomen til handverkarar som vil demonstrere og selje sine produkt. Vi har ledig plass inne i Stallen og Loftet for dei som vil vere her ei veke eller meir. Det er også mogleg å ta med telt og bord og stå ute i ein dag eller fleire. Vi marknadsfører deg på vår nettsida, SoMe og i lokale aviser så vi treng gode bilder av deg/ditt arbeid og ein tekst som forteller om deg og ditt arbeid. Ta kontakt for meir info og å avtale datoar – tlf. 35073292, epost [email protected].

Stallen har både innlagt vatn og straum. Første etg. har vore bruka til takkebakst i mange år men det passer til dei fleste handverksteknikkar. Spesielt kjekt om du treng vatn!

Loftet er første etasje i vårt stabbur. Her er det straum, men ikkje vatn.

 

Er du musikar? I år blir det ikkje konsertar i Årestoga, men du er velkomen til å spille ute for hatten! Bare melde frå til kontoret før du kjem – tlf. 35073292 / mob. 46913662.