lørdag 18. februar, kl 20:30

Valkyrien Allstars til vinterfestivalen

Valkyrien Allstars er kjend som eit av landets beste liveband, og har sidan si fyrste utgjeving i 2007 bana veg i utviklinga av arrangert folkemusikk.

Tid: Lørdag 18. februar 2023 kl. 20.30
Sted: Raulandsakademiet

Bandet har gått opp nye stiar for kvar plate det har gjeve ut, og har endt opp med eit heilt særeige uttrykk. Siste studioalbum i rekkja «Slutte og byne» vann Spellemannsprisen 2020 i kategorien Vise, og liknar mistenkjeleg på pop-musikk.

For den observante lyttar vil det likevel vera tydelege hint til norsk tradisjonsmusikk. Albumet blei hylla som årets beste album på dei fleste lister, og fekk strålande kritikkar. Bandet er samansett av Tuva Syvertsen, Erik Sollid, Magnus Larsen jr. og Martin Langlie, som leverer inderleg og gnistrande samspel, overraskande vendingar, og rom for både ettertanke og ekstatisk glede.

Kom og dans med oss på Vinterfestivalen 2023!

Førehandssal av billettar her

BILLETTPRISAR:

  • Ordinær: 350,-
  • Student: 200,-

OBS! Festivalpasset inkluderer IKKJE denne konserten. Her må det løysast eigen billett.

Sjå heile programmet for Rauland Internasjonale Vinterfestival her

Datolørdag 18. februar
Tidspunktkl 20:30