Sjølv om me bare så vidt har starta på den siste sommermånaden så kjenner i alle fall eg at hausten «lurar i buskane». Og når ein har barn på skulen er det liksom litt haust når skulestart er eit faktum. Med tanken om skulestart i bakhovudet er det også på tide å koma i gang med hyggelege inneaktiviteter, og sidan det har vore litt spørsmål om reine teiknekurs har eg derfor satt opp eit tilbod om eit slikt kurs med oppstart torsdag 12.september kl.18.00 og viare dei neste torsdagane utover hausten til same tid. Siste kurskveld blir torsdag 14.november. Lokale vert mediateket på Øyfjell skule i Vinje.
Dette kurset starter heilt på «skrætsj» og er altså eit nybyrjarkurs. Her skal vi gå igjennom forskjellige tema som til dømes perspektiv, proporsjonar og lys og skugge. Utgangspunktet for undervisninga er opplegget i boka «å teikne er å sjå» av Betty Edwards, noko som har vore utruleg spanande og matnyttig for mi eiga vandring mot å bli ein god teiknar og maler. Her skal vi bevise at alle kan! Og vi har 10 kurskveldar å øve på.
Det er viktig å nevne at det ikkje er lagt opp for mindre barn. Ein bør vere så vaksen at ein toler litt undervisning og er innstilt på å gjere oppgåvene ein får. Ellers Inga aldersgrense.
Meir informasjon om kursinnhald og prisar finn du ved å gå inn på ruthkvaalodalen.no eller kontakt meg på: [email protected] / 90597872
På dette kurset har eg satt ei nedre deltakargrense på 7 stk for å gå i gang med kurset. Maks 12stk.
Påmeldingsfrist 3.september!
Husk å sei i frå så tidleg du kan,- det hjelper meg å snu på planene i tilfelle me ikkje blir mange nok. (Det er sjølvsagt lov å spørre etter ledige plassar etter fristen)
Håpar eg ser DEG på kurs!
Hjarteleg Velkomen