mandag 14. august, kl 11:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Sommarutstillinga på Skinnarlandsamlinga

Open utstilling 25. juni – 15. august, tirsdag – søndag kl. 11.00 – 17.00.

På Skinnarlandsamlinga si sommarutstilling, kan ein i år møte Sverre Bjertnæs sine måleri og grafikk med intense fargar, sterke liner og spennande symbol. Bjertnæs har vore ein viktig aktør på den norske kunstscena i mange år og motiva varierer frå portrett av kjente personar til abstrakte former og landskap. Grafikken hans har ein heilt spesiell intensitet og energi, og dette har gjort han til ein av dei mest respekterte og ettertrakta kunstnarane i Norden. I det andre rommet på utstillinga vil du finne måleri av Ingeborg Stana med motiv av himmel, hav og uendelege vidder.

Stana held oppe ein lang og ubroten tradisjon innan norsk landskapsmåleri og sjølv om hennar valde teknikk er tradisjonell, har ho funne ein god måte å fornye landskapsmotivet på. På utstillinga møter ein også små keramiske skulpturar av Inga S. Søreide. I desse små skulpturane er kjente objekt sett saman med meir opne og fantasifulle element. Uttrykket i skulpturane vekslar ofte mellom det surrealistiske og det figurative.

Datomandag 14. august
Tidspunktkl 11:00 - 17:00