mandag 1. juli
Skinnarlandsamlinga

Skinnarlandsamlinga på Rauland – Sommarutstilling 2019

I galleriet med skulpturar av Knut Skinnarland er det kvart år nye separatutstillingar. I sommar er det kunstnarane Astrid McGarrighan og Per Fronth som stiller ut.

Astrid McGarrighan, frå Bergen, arbeider med etsing og akvatint. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og ved Høgskolen i Bergen. Astrid McGarrighan er ein grafikar som arbeider innanfor den gamle handverkstradisjonen, med tidkrevjande teknikkar som etsing og akvatint. Ho ser grafikken som eit samspel mellom kunst og handverk, og nyttar akvatintetsing for å oppnå valørar som skapar kontrastar. McGarrighan har stilt ut på ei rekke separat- og kollektivutstillingar i Noreg og England.

Ho er m.a. kjøpt inn av Os Kommune, regjeringa sin representasjonsbustad, Kunnskapsdepartementet, Havforskingsinstituttet og Royal Caribbean Cruiseline.  Vår andre utstillar i 2019 er Per Fronth. Han bur og arbeider i Kristiansand, der han også er født. Eit av hans typiske motiv er sjølandskap. Andre typiske motiv kan vera i tilknyting til Setesdalen og fjella der. Per Front er ein av Noregs mest kjende biletkunstnarar. På utstillinga på Rauland i sommar kan me sjå både grafikk og måleri.

Per Fronth starta si yrkeskarriere som fotograf, og fotografiet er ofte "råmaterialet" i bileta hans. Han er autodidakt, men har hatt fleire dyktige kunstnarar som læremeistrar, som Kjell Nupen og Odd Nerdrum. Per Front er ein allsidig kunstnar. Han arbeider mest med grafikk og måleri, men han lagar óg skulpturar, vev og filmar. I 2009 laga Per Fronth diplomet til fredsprisvinnar Barak Obama. Obama har soleis eit bilete laga av Per Fronth.

Per Fronth har budd mange år i utlandet. Han har hatt fleire separatutstillingar i New York, og han har vore med på utstillingar og utført utsmykkingsoppdrag mange andre stadar i verda.

Opningstider sommaren 2019

25.juni-15.august , tysdag-sundag ; kl.11.00-17.00. Måndagar stengt.

Ved sida av sommarutstillinga ser du den faste utstillinga av bilethoggaren Knut Skinnarland, med skulpturar, måleri, grafikk og teikningar.

Datomandag 1. juli
StedSkinnarlandsamlinga