søndag 25. august

Litteraturdagane i Vinje

Velkomen til Litteraturdagane i Vinje 23 – 25. august!

Direktøren for Norsk Kulturråd Kristin Danielsen opnar Litteraturdagane i Vinje fredag 23. August kl. 12.00 på Raulandsakademiet. Marit Eikemo les frå den nyaste romanen hennar, Hardanger. Ola Bremnes les frå bokprosjektet om Hurtigruta, og syng sjølvsagt eit par songar.

Litteraturdagane i Vinje er den eldste litteraturfestivalen i Telemark og har vore arrangert i august–september sidan 2001. Dette er ein lågbudsjettfestival med høg kvalitet og ein tydeleg litterær profil. Storegutprisen for god bruk av nynorsk har vore delt ut sidan 2002.

Les meir og sjå program her

 

Datosøndag 25. august
TidspunktHele dagen