søndag 28. august

Litteraturdagane feirar Tarjei Vesaas

Frode Grytten, Hildegun Riise og Aasmund Nordstoga er nokre av utøvarane som gjestar årets Litteraturdagar. Det er 125 år sidan den store diktaren frå Vinje vart født, og Vesaas-året blir markert med ei rekkje arrangement under festivalen 25.–28. august.   

Romanar som Fuglane og Is-slottet har gitt Tarjei Vesaas posisjonen som ein av dei fremste forfattarane både i Norden og Europa i det 20. hundreåret. Vesaas sin forfattarskap blir formidla i framføringar, føredrag, film og musikk under årets Litteraturdagar. Gjennom programpostane Vesaas i verda får festivalgjestene meir kunnskap om korleis Vesaas har blitt motteke i det store utland.

– Vesaas sin forfattarskap er ein stor skatt som rommar forteljande prosa, dramatikk og vakker poesi. Bøkene hans opnar dører til det undrande og gåtefulle i oss menneske, seier Geir S. Netland, fungerande arenaleiar ved Vinjesenteret.

I tillegg til Vesaas-programmet presenterer festivalen andre forfattarar som Victoria Kielland, Tore Kvæven, Kjersti Rorgemoen og Morten Langeland. Festivalen markerer også at det er Skeivt kulturår med Per Esben Myren-Svelstad sitt føredrag om å lese litteratur med skeive briller. Dei musikalske innslaga spenner frå Frode Grytten Beat Band til hardingfelespelaren Per Anders Buen Garnås.

Kristin Vego er årets vinnar av Tarjei Vesaas» debutantpris, og tradisjonen tru blir det presentasjon og samtale med vinnaren. Dette gjeld også ved utdelinga av Storegutprisen, som Vener av Vinjesenteret står for i samfunnshuset på Edland laurdag 27. august.

– Me er glade for å kunne formidle eit allsidig program med breitt kunstnarleg innhald og samstundes ta i bruk det nye Vinjesenteret også i festivalsamanheng, seier Åsne Vesaas, som er program- og vertskapsansvarleg for Litteraturdagane.

Oversikt over program finn du her, og billettar finn du her.

Datosøndag 28. august