Litteraturdagane er ein festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen. Datoar for årets festival er 24. – 27. august.
I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse. – Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.
Program – Litteraturdagane 2023
Torsdag 24. august kl. 17.30: Folkemusikk som motkultur
Sted: Raulandsakademiet
- Opning av Litteraturdagane
- Myllarguten og folkemusikken, samtale
- Ulike perspektiv på folkemusikken, samtale
Torsdag 24. august kl. 20.30: Konsert med norsk-samiske ISÁK
Sted: Raulandsakademiet
ISÁK er eit norsk-samisk band som er kjent for dei energiske liveshowa sine og det intense nærværet dei har på scena. Trioen består av vokalist Ella Marie Hætta Isaksen, produsent Daniel Eriksen og trommeslagar Aleksander Kostopoul.
Johanna Seim og Sjur Nyvold frå Folkemusikkscena på Rauland skal stå for den musikalske oppvarminga.
NB! Billett til konsert med ISÁK er ikkje inkludert i festivalpass.
Fredag 25. august kl. 12.00: Nynorsk presse og heimlengt
Sted: Vinjar
- Fire jubilantar, nynorske lokalaviser, samtale
- Heimlengt 1, samtale
- Heimlengt 2, samtale
- Dei internasjonale perspektiva i A. O. Vinje sin journalistikk, føredrag
- Matservering v/Bjaaland bygderestaurant frå kl. 11.30.
Fredag 25. august kl. 18.30: Diktarpub og konsert
Sted: Vinjar
- Diktarpub med diktlesing ved Agnes Ravatn,
Anders Totland, Stein Versto og Aasmund Nordstoga. - Omvising i Vinjestoga ved Anne T. Romtveit
- Konsert med Stian Carstensen og Ola Kvernberg
Laurdag 26. august kl. 13.30: Motmakt
Sted: Vinjar
- Vesaas-føredraget
- Vesaas debutantpris, samtale
- Motmakt før og no, samtale
Laurdag 26. august kl. 18.00: Festkveld
Sted: Edland
- Utdelinga av Storegutprisen
- Krigsmotstand i Vinje
- Kling og gomme
- Konsertførestilling
Sundag 27. august kl. 11.00: Festivalgudsteneste
Sted: Vinje Kyrkje
- Kyrkjekaffe på Vinje kyrkjekontor med litterær vandring til Vinje kyrkje
- Falkeriset folkemusikklag
- Preike ved teolog Geir Gundersen