torsdag 6. mars
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Kurs på AiR: Korleis fremje god helse og arbeidsdeltaking?

Jeg vet ikke hvem denne personen er. En kvinne i rosa jakke smiler med natur og fjell i bakgrunnen.

Følger du opp personar som er utanfor arbeid eller utdanning, har helseplager eller som er sjukemelde, og vil lære meir om korleis du kan fremje god helse og arbeidsdeltaking? No har du sjansen til å ta ei langhelg på Rauland med fagleg påfyll.

I tillegg til vakker natur og gode skiforhold husar Rauland nemleg Rehabiliteringssenteret AiR, som i meir enn 35 år har støtta personar med helseplager over i arbeid eller utdanning – dei siste åra med et spesielt fokus på unge vaksne. I mars arrangerer AiR eit to-dagars kurs i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsrettet rehabilitering, som også held til på Rauland.

Målet med kurset er at du som fagperson skal få med deg prinsipp, metodar og verktøy som bidreg til å fremje god helse og arbeidsdeltaking hos dine brukarar.

Her er nokre smakebitar frå programmet:

  • Arbeid og helse: Korleis bli trygg i rolla som rettleiar for brukarar med psykiske og fysiske helseplager? FÃ¥ kunnskap om psykisk helse og korleis du kan møte personar med psykiske helseplager pÃ¥ ein god mÃ¥te. Brita Rønning Iversen, psykologspesialist ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. 
  • Korleis gjera ei heilskapleg kartlegging av brukars situasjon knytt til arbeidsevne og arbeidsdeltaking? Få kunnskap om ulike modellar for heilskapleg perspektiv og korleis skape forstÃ¥ing for samanhengar. Få innføring i eit heilskapleg samtaleverktøy som hjelper brukaren Ã¥ sortere i eigen situasjon knytt til helse, livskvalitet og arbeid. Åse Hylland, fysioterapeut og teamleiar ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frå frisklivssentral. 
  • Korleis halde fokus pÃ¥ ressursar og arbeidsdeltaking nÃ¥r brukaren vil snakke om helseplager? Lær korleis du kan skape ein arena for Ã¥ snakke om brukarens ressursar og kva som kan vera gode spørsmÃ¥l Ã¥ stille ved sjukefrÃ¥vær. Hilde Rinden, fagleg rÃ¥dgjevar arbeid ved Rehabiliteringssenteret AiR, med erfaring frÃ¥ Nav.

Tidspunkt: Torsdag 6. mars kl. 10.30 – Fredag 7. mars kl. 14.30

Finn ut meir og meld deg på: https://arbeidoghelse.no/kurs-og-arrangement/korleis-fremje-helse-arbeidsdeltaking/

Datotorsdag 6. mars
TidspunktHele dagen