Marit Karlberg (song, langeleik og lyre), Frank Henrik Rolland (hardingfele) og Sigbjørn Apeland (trøorgel) kjem til Rauland torsdag 8. desember for å presentere musikk frå innspelinga Julegjest som kjem på Ta:lik i desember.
I denne konserten kan du lytte til dei vakre advents- og julesalmane frå Valdrestradisjonen, med røter attende til 1600-talet. I tillegg får du ta del i førjulsstemningar i heilt nyskrivne songar, og kjenne på dansedrivet i arrangementa til nokre av dei gamle juleleikane.
«Jula rommar mange kjensler og opplevingar gjennom livet, pågodt og vondt. Det er slutten på noko, og starten på noko. Det nye barnet, detnye håpet, det nye året. Fest, tradisjon, religion og ettertanke, eit riktbakteppe for musikk av alle slag», seier Marit i eit intervju med Riksscenenfør den komande juleturnéen.
Velkomen til ein stemningsfull førjulskveld i Årestoga på Telemarkstunet i Rauland.