onsdag 18. januar, kl 20:00
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Hardingfele- og gitarduo til Årestoga

Flottorp/Solberg er ein duo beståande av Johanne Flottorp (hardingfele, vokal) og Åsmund Solberg (gitarar). Dei kjende kvarandre fyrst som bitre fiendar frå rivaliserande fotballag i Aust-Agder, men i 2007 endte dei to opp som klassekameratar på fylkets einaste musikkgymnas, og fann fort ut at dei kunne gravleggje stridsøksa og einast i ei felles interesse for folkemusikken frå regionen. Sidan den gong har dei reist kvar sin veg både geografisk og musikalsk, men slåttemusikken heimafrå har dei alltid hatt med seg. Som duo har dei gjennom åra utvikla ein særeigen og original spelestil.  På debutalbumet deira Heimespel spelar dei slåttar frå Agder og Telemark og for dette fekk dei Folkelarmprisen 2020 i kategorien Tradisjonelt Samspel og blei nominerte til Spellemannsprisen.

Årestoga, Raulandsakademiet, kl. 20.00

Billettar i døra: 250,- / 150,- (studentar)

Datoonsdag 18. januar
Tidspunktkl 20:00