lørdag 22. juni
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Konsert med Byting på Raulandsfjell

Byting er eit folk-rockband frå Telemark som sidan oppstarten i mars 2013 har opparbeidd seg ei solid fanskare rundt om i det ganske land.

Alle låtane Byting spelar er sjølvskrivne og handlar om livets realitetar på godt og vondt. Desse trefte tidleg ei nerve i eit vidt publikum og fekk slik raskt eit stort nedslagsfelt.
Låtmaterialet er basera på ekta, sjølvopplevde eller gjenfortalde historier, og blir sunge på klingande bøheringdialekt, akkompagnert av kraftig el-gitar og urnorsk hardingfele – noko som i seg sjølv er ein sjeldan kombinasjon, og slik set eit heilt eige stempel på musikken.

Heilt sidan oppstarten har Byting hatt ein svært travel kalender med spelejobbar over heile landet. Debutalbumet «Byting» blei sleppt i 2015 og allereie i 2016 var den talentfulle gjengen klare med oppfølgjaren ”Livets galleri”.

Fyrstealbumet var inne på VG-lista i to månadar. ”Livets galleri” blei m.a. meldt i Under Lupen i Norsk på norsk på NRK P1, med terningkast 5. Her sa Finn Ulrik Berntsen m.a.: ”En skikkelig fin og gjennomført plate som fortjener et stort publikum”
.
Våren 2016 var Byting medverkande i den nye dokusåpa ”Norske Rednecks” som blei sendt på tv-kanalen MAX. Byting produserte musikken til serien og vokalist og låtskrivar Thomas Hellekås var den syngande forteljarstemma gjennom heile sesongen. Men bandets medlemmar hadde òg synlege roller i serien. Særleg var Thomas saman med gitaristen Svein Eivind gjennomgangsfigurar heile serien igjennom.

Namnet Byting, for dei som måtte lure på det, kjem av gamal overtru om at om du fekk ein unge med tydlege lyter så var det huldrefolket som hadde bytta ut den ekte ungen med sin eigen. I dag blir uttrykket ofte bruka om ein person som kan vera noko utagerande, skruppellaus og vill.

Byting består av: Thomas Hellekås (vokal/gitar), Per Anders Buen Garnås (hardingfele), Svein Eivind Mo Haugan (gitar), Marius Skjelbred (bass), Geir Ormøy (trommer).

CC kr. 400 i forhåndssalg
CC kr. 450 i døra
Aldersgrense 20år

Forhåndsbilletter i salg fra 1 juni på Vipps nr 111902 🙂

Kjøp din billett, forrige gang ble vi utsolgt!!

Vi gleder oss, vi ses i teltet på Raulandsfjell

Datolørdag 22. juni