søndag 27. august
Du ser på et tidligere/utgått event. Vennligst sjekk eventkalender for oversikt over kommende arrangementer.

Litteraturdagane 2023 – Vinjesenteret

Litteraturdagane er ein festival med fokus på litteratur med innslag av annan kultur og enkel, lokal matservering. Festivalen har tradisjonelt vore på ulike arenaer i kommunen. Datoar for årets festival er 24. – 27. august.

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse. – Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Program – Litteraturdagane 2023

Torsdag 24. august kl. 17.30: Folkemusikk som motkultur

Sted: Raulandsakademiet

  • Opning av Litteraturdagane
  • Myllarguten og folkemusikken, samtale 
  • Ulike perspektiv på folkemusikken, samtale

Les meir om programmet

Torsdag 24. august kl. 20.30: Konsert med norsk-samiske ISÁK

Sted: Raulandsakademiet

ISÁK er eit norsk-samisk band som er kjent for dei energiske liveshowa sine og det intense nærværet dei har på scena. Trioen består av vokalist Ella Marie Hætta Isaksen, produsent Daniel Eriksen og trommeslagar Aleksander Kostopoul.

Johanna Seim og Sjur Nyvold frå Folkemusikkscena på Rauland skal stå for den musikalske oppvarminga.

Les meir her

NB! Billett til konsert med ISÁK er ikkje inkludert i festivalpass.

Fredag 25. august kl. 12.00: Nynorsk presse og heimlengt 

Sted: Vinjar

  • Fire jubilantar, nynorske lokalaviser, samtale 
  • Heimlengt 1, samtale 
  • Heimlengt 2, samtale
  • Dei internasjonale perspektiva i A. O. Vinje sin journalistikk, føredrag
  • Matservering v/Bjaaland bygderestaurant frå kl. 11.30.

Les meir om arrangementet

Fredag 25. august kl. 18.30: Diktarpub og konsert

Sted: Vinjar

  • Diktarpub med diktlesing ved Agnes Ravatn,
    Anders Totland, Stein Versto og Aasmund Nordstoga.
  • Omvising i Vinjestoga ved Anne T. Romtveit
  • Konsert med Stian Carstensen og Ola Kvernberg
Matservering v/Bjaaland bygderestaurant/Vinje bryggeri

Les meir om arrangementet

Laurdag 26. august kl. 13.30: Motmakt 

Sted: Vinjar

  • Vesaas-føredraget 
  • Vesaas debutantpris, samtale
  • Motmakt før og no, samtale 
Matservering v/Bjaaland bygderestaurant frå kl. 12.00

Les meir om arrangementet

Laurdag 26. august kl. 18.00: Festkveld

Sted: Edland

  • Utdelinga av Storegutprisen
  • Krigsmotstand i Vinje
  • Kling og gomme 
  • Konsertførestilling

Les meir om arrangementet

Sundag 27. august kl. 11.00: Festivalgudsteneste

Sted: Vinje Kyrkje

  • Kyrkjekaffe på Vinje kyrkjekontor med litterær vandring til Vinje kyrkje
  • Falkeriset folkemusikklag 
  • Preike ved teolog Geir Gundersen

Les meir om arrangementet

 

 

Datosøndag 27. august
TidspunktHele dagen