Heiskort
Velkomen til Telemarkstunet
Velkomen til Telemarkstunet med tradisjonell byggeskikk, ekte handverk, ferske bakervarer og lokal atmosfære – alt samla i eit historisk tun med vakker utsikt mot Totak.
Opningstider Telemarkstunet:
James vil vera her til laurdag 16.8. Gardsjordstoga kafè er stengt for sesongen, men vil vera ope den 13.8 då me har baklukesal. Bakeriet vil vera ope kvar dag fram til 23.8. Det er også siste dag for å delta på naturstigen. Då vil me trekke vinnarar.
Ellers vil bakeriet vera opp i veke 41, haustferien. Sjå elles facebooksida vår for informasjon om opetider.


Ferske bakervarer frå Eldhuset
I det tradisjonelle steinovnsbakeriet Eldhuset blir det bakt ferske brød, bollar og andre godsaker gjennom sommaren. Lukta av nybakt bakst møter deg idet du kjem inn på tunet, og mange legg turen innom nettopp for å nyte ein kaffikopp og noko godt frå bakeriet.
Baksten blir laga med omtanke og etter gode tradisjonar, noko som gjer besøket til ei smakfull oppleving for både store og små.
Møt treskjæraren James Chincondenji
I Stallen finn du treskjæraren James Chincondenji, som gjennom sommaren arbeider med sine imponerande handverksprosjekt. Her kan du sjå handverket på nært hald, slå av ein prat og få innblikk i prosessen bak dei vakre treskjeringane.
For mange besøkande er møtet med James eit av høgdepunkta på Telemarkstunet – ei unik moglegheit til å oppleve levande handverk i autentiske omgjevnader.


Ei oppleving for heile familien
Telemarkstunet er eit populært besøksmål for både tilreisande og lokalbefolkning. Enten du kjem for nybakt brød, spennande handverk eller berre for å nyte stemninga, er Telemarkstunet vel verdt eit besøk.

